Vent litt.... Om du skal regulere 3 stk element, forsynt av trefase med denne typen regulator så må du ha tre stk, ein til kvart element. Om du skal bruke puls bredde regulering er det nok med to SSR.
Det har med metoden å gjere. Fasevinkelkontroll gjer at du må koble kvart element som eit singelfase med eigen dimmar med fasefordelingen før dimmaren. Altså trekke to ledarar til kvart element pluss jord, om du har dimmarane montert i ein boks for seg.
Med PWM og vanleg SSR kan ein koble elementa i trekant og trekke tre ledarar pluss jord fra kokaren til kabinettet.
Det er sikkert litt knotete forklart, men eg har gjort det. Kobla opp med tre potmeter på ein aksling. Problemet er at det er vanskeleg å synkronisere desse potmetera slik at dimmarane går likt.
Eg enda opp med å gå over til SSR og den nevnte PWM-kretsen av ein 555-timer. Det enkle er ofte det beste.
Skal ein absolutt fasevinkelstyre trefase ville eg sterkt vurdert denne:
http://nuwaveproducts.com/ssrman-1p.htm Det er ein kontrollmodul som kan koblast på fleire måtar, inkludert trefase (må ha tre stk). Så vidt eg kan sjønne må SSR vere av ein bestemt type utan "zero cross detection", såkalla "random fire".