FrodeSy
Norbrygg-medlem
Har akkurat solgt min Beer Brew 30 for å sleppe å stresse med å halde stabil mesketemperatur, og har kjøpt Iglooen nemnt i tittelen. Sidan eg for det meste brygger session-ales med 5 - 6 kg malt, var eg veldig usikker på kor stor iglooen skulle vere. Men etter å ha lest ulike trådar her på forumet, endte eg opp med 45-literen. Då har eg også høve til å brygge sterkare og større.
Eg har no køyrt følgjande to testar for å sjekke varmetap:
1) forvarma iglooen med 10 liter varmt vatn frå krana. Tømte ut og fylte opp 10 liter varmt vatn, men ingen malt. Vatnet var ca 71 grader ved "meskestart". I løpet av 70 minutt dalte temperaturen med ca 7 grader!
2) forvarma iglooen med 10 liter kokande vatn. Tømte ut og fylte opp 10 liter varmt vatn, men ingen malt. Vatnet var ca 70 grader ved "meskestart". I løpet av 70 minutt dalte temperaturen med ca 6,5 grader!
Har tenkt å flytte bryggeriverksemda frå kjøkkenet og sette opp ei lita "bryggebod" i garasja (dele av med eit par lettveggar). Men det blir jo steike umuleg med dette :bokser:
Kva pokker er dette?!!? Ser at andre opplever 0,5 - 1 grads varmetap ved 90 minutters mesketid. Det vil eg også :'(
Er det nokon av dykk som har forklaringar på kvifor dette skjer, og kva eg kan gjere for å redusere varmetapet?