Vil det verte usmaka i ølet?

Brygga en APA på 22l for ei stund sida, hadde en OG på 1.058, og pitcha i starter ihh til mrMalty av 3 rør med san diego super yeast. Når eg pitcha starteren so beit eg meg til merke at det såg ut som det ikkje ha vår noke aktivitet i den, sjølv om den ha steie på magnetrørar et par daga, men pitcha likevel. Fikk bekrefta det eg var redd for då det var ingen teikn til gjæring etter 5daga, so i mangel på gjær so tilsatt eg det lissje av gjær som va i eit eit anna gjæringskar etter CC av sekundærgjæring på "donorkaret".
Såg no at det var alt for lite gjær, men tenkte skitt au, må sikkert helle ut likevel.
Etter å ha vår vekk over helga kom eg heim til fullt party i gjærlåsen som no låg på golvet å masse styr. Vil det her gå bra? Tenker kansje eg har superstressa den lissje gjæra eg hadde i å får smak av det, noken vise folk som veit/kan gjette kva som har skjedd? :)
 
Tilbake
Topp