Ja, topphausting er fine greier! Som Gahr sa, så har eg eit eige rom for gjæringskara og det er bra for å ha kontroll på maltstøv mm. Men det kan sikkert gå bra med andre løysingar, Jolly Pumpkin t.d. har heile bryggeriet i eit stort lagerbygg og det fungerar også bra. Eg brukar å skumme av det fyrste skummet etter ca 1 døgn og kaste det, så haustar eg gjær ved å spa opp i eit vanlig plast gjæringsspann med ein plastspade 1-3 dagar etterpå. Wyeast 1318 er ekstremt god, dvs. at den lagar eit kompakt skum. 3787 som eg også brukar er god, men skummet er litt tynnare og meir "fluffy" enn 1318. Eg har ikkje kome så langt at eg har telt antal celler per kg, men skal komme tilbake til det utpå sommaren. Når eg haustar 1318 brukar eg å ta ca 1/3 av skummet for å tilsette i eit 12 P øl. Med 3787 tek eg ca 1/2 av skummet til 12 P. Men no har eg relativt vide og grunne gjærkar, så på eit vanleg plastspann blir det sikkert litt anleis.
The Brewing Network hadde nyleg eit program om Black Sheep Brewery. Om eg forstod det rett så hadde dei aldri fornya gjæra si, berre topphausta samme gjæra i fleire år.