Det er jo ikkje verre enn at ein ettertrekker klemmene etter ei tids bruk.
Det bør ein gjere uansett nite, loddetinn, fleirkordela eller heil ved. Trur nok det er her det slurvast mest rundt om, då rein kopar også har ein lei tendens til å "gi seg" over tid.
Endehylsene gjer ingenting for å forbedre dette så ikkje gjer dette til ein falsk tryggheit folkens.
Hovedføremålet med å bruke endehylser er å samle kordelane og unngå at ein eller fleire trådar glepp ut av terminalklemma. Dette vil redusere kvadratet, samt gi kortslutningspotensiale. Derfor føreslo eg loddetinn for å forbinde kordelane.
Om det er nedfesta i lovverket at det er forbudt å bruke loddetinn skal eg ikkje uttale meg om. Om det gjeld faste installasjonar kan så vere. På frittståande apparat og skøyteledningar har eg mine tvil.
Eg har ingen betenkelegheitar med å anbefale det igjen, då klemmer av slik type uansett skal ettertrekkast. Loddetinnet gjer ikkje saken verre, det blir klemt saman første gangen slik at koparen også blir klemt.
Les om nitar/endehylser her:
http://www.specialtycontrolsystems.com/wire_ferrules/wire_ferrules.php
-Og ja, eg har sett varme/røyk -utvikling i elektriske annlegg både i hus og industri. Det var ikkje på grunn av loddetinn men mangel av ettersyn.