Jockey Box

Plast har jo som kjent dårlig varmeledningsevne, så det spørs om det funker. Hva med biltemas bremserør?
 
Interessant tema.   Har sjekka litt rundt hjå distributørar som lagar slikt og deira synspunkt på saken.  Mykje kjem vel an på kor raskt du tenkjer å tappa.  

50 fot i tynnvegga 3/8" rustfritt rør et eit betre alternativ enn  Biltema sine bremserør som er er 3/16".  3/8" krev  mindre trykk på CO₂ og dermed mindre skumdannelse og held vesentleg meir kjølt øl.    

10 meter er også berre ca. 30 fot..     I 50 fot  3/8" tynnvegga rør er det nesten 1 liter (0,975 l) .  I 10 fot 3/16" koppar rør er det - om ein tek utgangspunkt i at rørert er 3,3 mm i indre diameter skulle det - om ikkje mine reknekunnskaper er heilt på jordet  -  vera plass til ca. 0,85 dl.  

Og om du skal ha 2 kraner må du vel også ha 2 coilar..  Det spørs om du får plass til 2 stk 50 fots coilar i ein 24 liters kjøleboks?   Det er mogleg du kan greia deg med kortare enn 50 fot - igjen avhengig av kor raskt du tenkjer å tappa og kor lite skum du ynskjer.    
 
Tilbake
Topp