FrodeSy
Norbrygg-medlem
Utan å ha tenkt nøye gjennom alternativ så har eg i dag bestilt meg ein BeerGun. Då eg først begynte med fat tenkte eg at dei som ikkje gadd å flaske nokre liter, men heller helle det ut etter at fatet var fyllt, var utruleg slappe og giddalause og utan særleg karakter. Vel, kanskje litt i overkant det siste poenget...
Men etter eit par fyllingar av fat OG flasker har også dette slått meg, for det tek uforholdsmessig lang tid å desinfisere flasker for 4-6 liter når ein skal hente fram, montere, bruke, demontere og vaske og tørke flaskevasker og flasketørketre. (Halvparten av batchane mine vert brygga i løyndom frå dragen. Dette fordrar effektive løysingar for brygging, gjæring og fating / flasking. Ein kjempestor fordel med fat er at eg slepp å uroe meg for mykje CO₂på flaskene mine noko eg har opplevd litt for mange gangar då eg har måtte flaska på ein bestemt dag, uavhengig av om FG er nådd eller ikkje, for å rekke brygging neste gong dragen er vekke.) Forstår at det er mange også på Norbrygg som brukar denne BeerGunnaren til flasking, men er det mange som berre brukar fating og deretter flasker (med BeerGun eller liknande løysing) seinare? Kva praksis er vanleg? Kva gjer DU?
Edit: endra dårlege formuleringar.