Tja, kjøpte ein liknende for mange år sidan. Brukte den eit par ganger, men vart vel ikkje direkte imponert. Gjekk over til den gamle metoden med å rista inn Co2.
Har brukt gryteskrubb/stålull av rustfritt stål. Hugsar ikkje kva det vert kalla på fagspråket. Hugsar berre benevnelsen som er litt diskriminerande og som ikkje egnar seg på trykk :yes:
Det går bra, men du må gå litt forsiktig til verks. Belegget er ganske lett å fjerna. Brukar det ikkje kvar...
Pellets uten pose vil medføra mykje humlegrums i som etter kvart samlar seg i bunn av fatet.
Trur ikkje høgt trykk vil vera løysninga.
Pelletsen vil nok samla seg etter kvart, men du vil truleg få problem med at røyret/utventilen tettar seg.
Bloms eller pellets uten humlepose???
Om så er eg redd stigerøyret i fatet er tett med humle :jaha:
Tips..usikker.
Slipp ut trykket på fatet. Demonter stigerøyr og utventil. Rens for humlerester. Desinfiser og monter på nytt. Be ei stille bønn om at det går bra.
Evt. kan du kanskje klara det...
Posten transporterer nok desse eingongsflaskene når dei er "diskre" pakka. Posten scannar nok ikkje innanlandspakkar om dei ikkje vekker spesiell misstanke.
Har fått O2 flasker frå Vin og Bar i posten fleire gonger.
Om du har kjøpt Spedelen din for ein del år sidan, så har ikkje pumpa / pumpene denne innstillinga. Dei pumpene med blå farge har berre fast innstilling.
Ja, det er det. Ver obs på at at ved stenging av gasstilførselen må krana på regulatoren dreiast i motsatt retning av det som er vanlig. Det står tydelig pil for "open" og "close" på regulatoren, men som sagt, det verkar litt bakvendt.
Har ikkje testa dette produktet, men eg må innrømma at eg testa eit liknande produkt for ein del år sidan. Det heitte pilsner enzym, men eg trur det var samme stoffet, men i pulverform. Faktisk gjekk det forsøket bra trass i ein viss skepsis. Det gjekk vel frå klissøtt -1030, og ned til rundt...
Som siste utveg kan du prøve å tilsetta enzym som bryt ned dei ikkje gjærbare sukkerstoffa til gjærbare.
Faren er at du har ikkje kontroll på utgjæringa.
Kan fort gå dit at ølet vert veldig utgjæra og alkoholrikt.
Denne typen tradisjonsøl er vanlegvis tunge og søte med mykje ugjærbare...
Brukte ei slik kvern i ein del år. Kan vel sei det slik at resultatet var brukbart, men ikkje optimalt. Kapasiteten var heilt super. Meiner at 50 kg malt gjekk gjennom på mellom 15 og 20 min. Prinsippet for maling av kaffe og malt er nok litt forskjellig. Kaffebønner skal knusast ned til...
Regelverket kring skjenking og servering har vore omtala i denne tråden tidlegare.
http://norbrygg.no/forum/index.php/topic,8349.msg77107.html#msg77107
Stussar litt på gjæringstemperaturen? Har brukt WLP 833 sjølv ein del gonger. Ein utmerket gjær til b0ck og juleøl, men er ikkje 18 grader litt høg temp for ein lager. Eg har lagt meg på 10 til 12 grader på den vanleg vis. Å gå ned i temp mot slutten av gjæringa er vel og litt uvanleg.
Har brukt denne ei tid http://www.la-va.com/vacuum-packing-machine-v300.htm#5
Det er Våpenloftet i Førde som er importør ja. Dei skal og kunna skaffa reservedeler og føreta enklare reperasjonar på desse maskinene.
Det verkar å vera ei god og solid vakummaskin. Litt dyr kanskje om den berre skal...
Det er sikkert. Det å starta opp eit microbryggeri er ikkje nokon impulshandling, og det er heller ikkje nokon snarveg til lettjente pengar. Her er det kunn staheit og ein intens vilje til å få det til som er avgjerande. Respekt for dei som står løpet ut ja!!
Når det gjeld kven som skal søkast til ved statleg bevilling har eg fått inntrykk av at det er helsedirektoratet, men er nok ikkje skråsikker. Har berre eigenerfraring ut frå den utvida kommunale bevillinga. Det står ein del om statleg bevilling på denne linken...
Når det gjeld tilverking og salg av alkohol, så er det to alternativ. Det enklaste alternativet, om ein kan kan bruka den betegnelsen, er det utvida kommunale skjenkeløyvet. Her er kravet at ein har eller skaffar seg serveringsløyv etter søknad og godkjenning frå kommunen. Så må ein søkja om...
Ser ut som det går bra. Har vaska mine fleire gonger i oppvaskmaskina. Det er rett nok ei storkjøkkenmaskin med flytande vaskemiddel, men det skulle ikkje vera så store forskjellen til ei vanleg kjøkkenmaskin. Ser ut som sildukane til Speidelen er av silikon.
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.