Heisann!
Eg er heilt ny på forumet og innen brygging. Skal no i gang med å gjera ferdig kjellarstova mi. I Den samanheng har eg ldrømt om å ha ein bardisk og tappekran for eige laga øl. Har ikkje laga øl på maaange år, men som eg hugsar var det suksess forrige gong. Har og ein kamerat som lagar mykje godt øl, som har lurt meg til å prøva igjen. Han anbefala beermaker 30 og Corneliusfat, utan at eg veit heilt kva det vil sei. Håper derfor at nokon kan gi meg ein del tips, før eg går i gang...
Vil eit slikt "diskkjøleskap" (60x60x80-85) vera stort nok til feks to 19l Corneliusfat, CO₂ flaske og det eg treng av koplingar?
Kor store/høge er dei fleste tappetårna?
Kan skriva korleis eg tenkte, så kanskje folk kan retta eller komma med innspel.
Tenkte å ha ei diskplate i standardhøgd (90cm) med eit kjøleskap under. I kjeøleskapet kunne eg tenkt meg å ha ølfat på 19liter kanskje? Dersom det hadde vert mogleg hadde det vert topp om eg kunne hatt CO₂ flaska og resten at utstyret i kjøleskapet og. Planen var å bora hol i toppen og føra slange opp til eit tappetårn på disken. Over denne disken ignen vil eg ha ei diskeplate, slik at det vert som ein skikkeleg bardisk. Kunne tenkt meg dobbelt tappetårn og 2 fat med to øltypar. Akkurat kva eg treng av utstyr har eg ingen aning på, men må sørgja får at eg ikkje byggjer noko med feil mål i første omgang.
Håpar nokon kan hjelpa
Mvh
Komlo