Tørrhumling

Eg har ein IPA ståande til gjæring. Oppskrifta seier at den skal tørrhumlast etter 7 dagar. Det er i dag. Eg meiner å ha lest ein plass at tørrhumlina skal skje etter stormgjæringa er ferdig, men her hos meg boblar det som berre rakkaren. Skal eg vente litt med å tilsette humlen eller er det berre å kjøre på?
Det tok eit par dagar før gjæringa kom skikkelig i gang, så det kan nok være årsaken til at det er stormgjæring ennå.
 
Humla kan bruke noe tid på å falle til bunnen, noen få dager kan bli for lite. Når ikke humla har lagt seg dagen før jeg skal flaske løfter jeg dunken og setter den klar på benken over natta så den humla som vil ligge på toppen blir liggende der, og den som ligger på bunnen blir der. Så tapper jeg bare så jeg lar litt eksta øl bli igjen i bøtta. Heller det en store mengder humlegugg i flaskene.
 
På forrige brygg satte eg bøtta i kjøleskapet etter at den hadde gjæra ut. Der lot eg den stå ein dag på ca 1-2 grader. Deretter tappa eg det over på ny bøtte og lot det stå i ei veke i  kjøleskapet. Det var ikkje mykje grums som kom over i flaskene då.
 
Ein annen ting når det gjelder tørrhumling:
Vi er opptatt av at ølet ikkje skal bli infisert. Kor stor er faren for infeksjon via humlen? Bør humlen som skal brukast til tørrhumling få ein omgang i frysaren eller er det ingen fare ved å bruke humle fra åpna pakke som har blitt oppbevart i kjøleskap?
 
TerjeR skrev:
Ein annen ting når det gjelder tørrhumling:
Vi er opptatt av at ølet ikkje skal bli infisert. Kor stor er faren for infeksjon via humlen? Bør humlen som skal brukast til tørrhumling få ein omgang i frysaren eller er det ingen fare ved å bruke humle fra åpna pakke som har blitt oppbevart i kjøleskap?

Humla i seg sjølv er med på å konservere ølet. I eit øl som stort sett er ferdiggjæra skal det å tilsette tørrhumle utgjere minimalt med risiko. Men du kan no "for sikkerheits skuld" la humla ligge i fryser nokre dagar før tilsetting. For ordens skuld: eg oppbevarer alltid humle i frysar, opna pakke eller ei.
 
Et lite sørsmål (off topic):
Kor lenge kan ein oppbevare humle i fryseren. Eg var så "syndig" at eg kjøpte ein kilo Saaz. Det skulle vel holde til nesten 300 l pils  :eek: Sjølv eg bruker litt tid på å brygge / konsumere slike mengder øl  :biersmile:
 
Tilbake
Topp