Den sensoren du peikar til er ein RTD PT100 og det er den sensoren som Sous Vide kontrolleren er laga til - så du kan bruka den.
Når det gjeldt "t-rør" så har ikkje koparrør per se noko rørkobling - er det kanskje ei T-rørkobling du tenkjer på? Isåfall så spørs det kva slags dimensjon dette er?
Dei fleste bryggjarar bruker 1/2" rørkoblingar og når du skal kobla eit kopparrør på 10 mm til ei rørkobling - så må du ha ei såkalla klemringskobling eller du må lodda på ei kobling - det vanlegaste er vel å bruka klemringskobling som har 1/2" rørkobling i andre enden (klemringskoblinga skal på koparrøret). Deretter må du ha eit T-ledd og det har normalt sett innvendig rørkobling (1/2" framleis). I ei slik kan du ikkje kobla inn denne sensoren frå Auberins - du må enten ha ein annan sensor som har 1/2" rørkobling (altså ein PT100 sensor med 1/2" rørkobling) eller om du skal brukar Auberins-sensoren må du ha ein overgang frå 1/2" NPT til 1/4" NPT . (utvendig 1/2" NPT og innvendig 1/4" NPT).
Når det gjeldt RTD PT100 så fins det fleire variantar med ledning - ofte er det 3 leiarar i ledningen til sensoren - du kan jo sjekka den du har i din Sous Vide om den har 3 leiarar eller ikkje. Er det 3 leiarar så er det grei skuring å bytta denne med annan RTD PT100 sensor med 3 leiarar sidan denne varianten er sjølvkalibrerande.