Speidel fyrste brygg

Eg er godt igang med mitt fyrste brygg. Eg skal bryggja ein Kölsch som kom med bryggeriet. Eg hadde kjøpt inn flytande gjær, men den byrjar verta noko gamal. Eg vart litt skvetten då eg såg : pump interruption" på displayet, men etter noko febrilsk søking i forumet fann eg ut at alt var slik det skulle vera. Eg synest det gjekk litt treigt å fa pumpa vørteren gjennom malten, og eg var litt usikker på kverninga av malten, som sikkert vart for finkverna i lo-fi Coronaen min. Eg nytta oeschelvekt og målte gravity halvvegs i meskeprogrammet. Då kom eg til 1.025. Er dette litt lågt? Ser likevel dette på som eit læringsbrygg. Sånn sett var det greitt å nytta tørrgjær og. Til no har eg ikkje stoppa opp for å røra i maltrøret. Skulle eg ha gjort dette?

Roffe
 
Sikkert politisk ukorrekt å svara på sine eigne innlegg, men eg lyt tilføya at alt gjekk knirkefritt. Eg var ikkje klar over at oeschelvekta oppførte seg ulikt i forskjellige temperaturar. Ser og at den programerte koketemperraturen ikkje held mål. Eg "kokte" vørteren i 20 min på 99 grader, heilt til eg fann ut at eg kunne setja koketemperatur til 101 grader. Sidan eg aldri heilt fekk kokt opp dei fyrste 20 minuttane av koketida, forlenga eg denne med eitt kvarter (tok litt tid å programmera for ein nybyrjar. Resultatet vart at siste humletilsetjinga vart liggjande nokre minuttar for lenge. Vidare syntes eg at ølet var alt for ljost. Eg ringde ein kompis, som foreslo at eg kunne koka opp noko cara og tilsetja dette. Det er sikkert heilt på tryne, men men. Eg nytta meg av Brewferm sin tørrgjær som eg fekk med maltpakken. Eg kom til skade for å tappa ein halvliter for å rehydrera gjæren. Dette gjekk sjølvsagt rett i vasken, då eg hadde gløymt å desinfisera glaset eg hadde vørteren i. Neste gang trur eg at eg kokar opp vatn i staden. Nærare 19n liter fekk eg i gjæringskaret.
Dette var kjekt!
 
Uten at jeg med min begrensede nynorskkunnskaper helt får med meg hva du skriver, får jeg inntrykk av at det er knapt gått noe galt. Dette blir sikkert kanonbra øl! 

Du får gjerne melde fra igjen med smaksinntrykk når du tapper ølet på flasker.  :yes:
 
Til bruk på bryggedagen synes jeg et refraktometer er mye enklere å ha med å gjøre enn oechslevekt. Koster et par hundrelapper på eBay.

Tørrgjær bør rehydreres i rent vant, ikke vørter. Grunnen er, litt forenklet, at sukkeret i vørteren trenger inn i en del av de tørkede gjærcellene og dreper dem, noe som ikke skjer i rent vann.

Det høres ut som dette gikk veldig bra som et første brygg.
 
Dette må jo være en bra start, jeg skal ikke prøve å beskrive hvordan mitt første brygg utartet seg - og hvor mye rart som ble gjort  :bank2:
Det jeg tror på når det gjelder brygging, uansett ustyr, er å finne en grei fast rutine på det som klargjøres, programmeres, vaskes, stoppeklokke, måleinstrument og ikke minst en grei loggføring. Etter noen brygg hvor alt av rutine sitter som et skudd - da kan du "fordype" deg i en og en prossess ad gangen. Samtidig får du se om denne forandringen endrer på smak, skum, utbytte etc. Forandrer man for mye på en gang så vet man ikke hva som gjorde utgjorde det ene og det andre.
Til slutt - som Gahr har sagt - det viktigste er ikke å kopiere annet øl, men å kunne gjenskape et godt øl man har brygget selv, derfor er en skikkelig logg viktig  :yes:
Stå på :ilike:
 
Speidelbrygg nr to vart ein IPA

6 kg Pale malt
0,2 kg cara 120
0,6 kg cara 20
0,2 Munchener
OG: 1.060


Mesk 90 min  på 65 grader

Humling:
HNB          40g 60 min
Fuggles    40g 20 min
Fuggles    30g 7 min
Cascade    20g 3 min

Denne gangen dreit eg i stegmesking, og meska på 65. Målet var å få mest mogleg liter på rett OG. Eg trur kanskje eg skulle ha skylja med høgare temperatur, og eg skylte nok med litt mykje vatn. Kranen på Speidelen streika, så eg drog fram autosiphonen, og klarte å smelta denne på varmeelemntet, slik at eg var nødd til å sutta på ledningen for å få ut ølet av kjelen. Då eg bomma på OG starta eg å koka leenge , samt at eg meska to kilo pale malt i ei gjæringsbøtte, og la dette på kok. Eg endte opp med 28 liter til gjæringskaret. OG gløymde eg å måla. Men eg reknar med det var i nærleiken av 1060... Eg hadde to posar gjær av typen Safale 05. Eg hadde tenkt å nytta ein og ein halv pakke, men då eg til mi forfærdelse klarte å løysa opp fyrste pakken i 30 grader, rekna eg med at mesteparten hadde gått heden. Eg tilsatte difor ein heil pakke til i gjæringskaret. Håpar berre det er nok gjær! Eg ser at dette vart litt mykje stress med nærare 30l i speidelen, 7 kilo malt og ein mykje søl i, utanfor og på golvet. Neste gong går eg for ei litt lettare oppskrift. Eg er i alle fall beten av ølbasillen. Håpar berre ølet ikkje er det!
 
Tilbake
Topp