På den andre sida - såpass mykje som hydrogenperoksid kostar på apoteket så er det like greit å satsa på rustfritt.
Og det er ikkje så stor forskjell på messing og rustfritt i pris: ta f.eks. maritim butikkane som har begge delar: Eit 1/2" T-stykke kostar 44 kroner i messing og 54 kroner i rustfritt 316 stål. Todelt kran kostar rettnok ein del meir i rustfritt enn i fornikla messing. Og tredelt har eg ikkje sett i messing enno (men det fins kanskje det og). Uansett så trur eg neppe at dette er det som veltar hushaldningsbudsjettet. Ein halvliter på byen kostar fort 80-90 kroner (eg minnest 11,20 frå min ungdom og på Hulen her i Bergen fekk ein ein "langemann" (0,7 flaske) for 7.50)).