Fikk med eit Pale Ale og eit Weissbier ølsett då eg bestilte BB30 utstyrspakke frå olbrygging.no i vår og tenker no på å få brukt opp desse. Spørsmålet er om det er lurt/verdt det å modifisere desse på nokon måte for å få betre øl? Eg tenker då på å legge til humle/bytte ut gjæret (det er fire månedar gammalt, så det bør eg kanskje gjere uansett?) o.l. tiltak som kan tweake smaken. Evt kunne vi kanskje delt oppskrifta i to og brukt forskjellige typer gjær for å få ein peikepinn på kor stor del av smaken gjæret står for. (Tips til gjær i så fall?)