God kveld. Eg treng hjelp av nokon som kan dette med å brygge øl. Etter mykje god innsats i førebuinga kom dagen. Eg skulle brygge eit kølsh øl Biab frå ølbrygging.no. 5,5 kg malt. OG skulle ligge på 1049 før gjæring. Mine beregninger med vatn i meske skulle vera 20,4 liter vatn og 15,1 til skylling. Meskedelen gjekk bra. Stabil temperatur i 60 minutt. Skyllinga like god med litt under 78 grader. Etter det starta trøbbelet... når eg skulle guffe opp til koking, gjekk straumen. Jordfeil jordfeil jordfeil viste sikringen... fa......n... i ein viss plass. Nå gjekk det fyrste brygget i dass! Heldigvis er naboen elektriker. Helte mesken over i ein kjele, demonterte botn av 65 liters beer brewer kjele. Søkte etter feil og fann ut at jordfeilen skyldast truleg gamal vørter i effektbrytaren. Vaska bryteren og kjelen virka att Straumstansen kosta meg ein time og temperaturen sank til ca 50 grader. Deretter 90 minutt kok med tilsetning av humle, klarningsmiddel, humle og gjernæring etter oppskrifta. Målte OG etter kok og den viste 1058. Volumet i gjærdunken blei 17 liter. 8 liter mindre enn det oppskrifta tilsa. Eg koka utan lokk. Skal ein det? Er det poeng/uklokt/klokt å etterfylle vatn på gjærdunken? Tenker den kan bli noko sterk for svigermor under julemiddagen. Svar og hjelp mottas med takk