Sat og las litt på øltypedefinisjonane, og merka meg at dei belgiske sterkøla er sett opp med ganske høg FG. Både, dubbel, tripel, kvadruppel, og lys sterk belgisk ale. T.d. har tripel 1016-1024 og lys sterk 1012-1024. Dette må vel vere feil? Har ikkje Duvel ein FG på rundt 1008 og Westmalle Tripel 1011? Eg ser at BJCP har liknande spenn (berre litt lavare). Eg får det ikkje heilt til å stemme....