FrodeSy
Norbrygg-medlem
Ein nær kompis har nyleg blitt far for første gong og eg har sagt ja til å brygge eit øl til dåpen. Han er veldig glad i belgisk øl, men det er det ikkje alle som er, likevel ønskjer han å servere noko heimebrygga belgisk. Eg har ikkje erfaring med denne typen, er sjølv ikkje særleg fan av belgiske øl sjølv om der er mange eg likar godt, men har sagt ja til å brygge ein batch. Vi har drøfta litt og kome fram til at han vil ha ein lys ale (dåpen er i august) på 4,5 - 5 %. Gjærtypen bør vere ganske nøytral, men likevel slik at ein kjenner opphavslandet.
Eg håper at nokon av dykk har ei oppskrift på ein belgisk ale som har fått gode tilbakemeldingar frå "folk flest", gjerne med forslag til gjærtype.
Eg håper at nokon av dykk har ei oppskrift på ein belgisk ale som har fått gode tilbakemeldingar frå "folk flest", gjerne med forslag til gjærtype.