Satte min første gjærstarter på fredag med 1 liter vatn, 100 gram spraymalt og 2 rør WLP001. Det har stått og surra no i eit par døgn på 25 grader (temperaturen i rommet). Det har blitt litt kvite småbitar og kondens på innsida av glasset, men det har ikkje blitt særlig med skum og væska ser like grumsete ut som i starten. Magnetrøreren fikk litt ekstra motstand første døgnet etter prosessen vart starta men i dag har den rotert vesentlig raskare. Eg har tolka det som at gjæringa er ferdig og satte flaska i kjøleskapet for dekantering etter 40 timer på kjøkkenbenken.
I ettertid har eg blitt litt bekymra, ikkje minst etter å ha sett bilder av andre sine gjærstartarar der det er store mengder kvite gjærklumpar. Kan eg ta det med ro, er alt som det skal vere? Kva gjer eg om det ikkje er noko særlig fast gjær å finne i morgon når det har stått eit døgn i kjøleskapet? Har forstått at det ikkje er så lurt å berre smelle heile flaska oppi gjæringsdunken.