Torvald`s Bryggeri

Har tatt nokre bilder av mitt nye oppsett under brygging av bayer.

36L kokakar fra humle.se (kuleventil fra weldlessfittings.com)
36L meskekar med silbunn fra humle.se  (kuleventil fra weldlessfittings.com)
19L Varmtvannstank med kuleventil fra chlas ohlson (Litt liten, men fungerer akkuratt).
2 x 2kw induksjonsplater

Planen var å lage ein kokeplate av dei to induksjonene, men fant ut at eg fikk bra kok på vørter med bare ein plate (med lokket halvegs på). så da har eg ein plate på meskekaret, og ein på kokekaret slik at eg ikkje treng å løfte på dei store kjelene under brygginga.

Koker 29L vørter ned til 26,5 på ein time og ender til slutt med ca. 25 L i gjæringskar.
 

Vedlegg

  • 5 Bryggesystemet i skylleprosessen.jpg
    5 Bryggesystemet i skylleprosessen.jpg
    359,2 KB · Sett: 4.324
  • 3 Meskekaret.jpg
    3 Meskekaret.jpg
    401,7 KB · Sett: 4.294
  • 4 Improvisert skyllemaifoil.jpg
    4 Improvisert skyllemaifoil.jpg
    386,1 KB · Sett: 4.319
  • 6 Heimabrygga tjekkisk pilsner og kokekar.jpg
    6 Heimabrygga tjekkisk pilsner og kokekar.jpg
    370,2 KB · Sett: 4.271
  • 7 Vørter som koker.jpg
    7 Vørter som koker.jpg
    367,1 KB · Sett: 4.225
Kult at folk legg ut bilder av utstyret sitt (bryggeutstyret altså). Var dei greie dei "sveiseløse" gjennomføringane du kjøpte?
 
Flotte bilder og stilig oppsett.  :ilike:
Og det glasset med øl var selvsagt hjemmerygget?  :biersmile:
 
protto skrev:
Kult at folk legg ut bilder av utstyret sitt (bryggeutstyret altså). Var dei greie dei "sveiseløse" gjennomføringane du kjøpte?

Dei var kjempe bra, takk for hjelpa med dei protto!

Trond.A skrev:
Flotte bilder og stilig oppsett.  :ilike:
Og det glasset med øl var selvsagt hjemmerygget?  :biersmile:

Ja i glaset var det heimebrygga tjekkisk pils :biersmile:
 
Ja. desse er fra netthandelen.no. Fekk den eine for 126,- og den andre for 150,- :ilike:.

Totalt med eksbideringsgebyr og frakt kom det på ca. 500,-
 
På oppfordring kjem nokre bilder av bryggeriet sånn som det er no.
Ideen er å få satt sammen eit bryggesystem basert på meske og skylle systemet som "Sabco" og "The Electric Brewery" bruker, bortsett fra automatikken, sjølv om det ikkje skal utelukkast at det kan koma eit rims rør og PID på meskekaret :). Eg kjem ikkje til å resirkulere med pumpa under heile meskinga, men under innmesking og under oppvarming til utmesk. Bildene viser bryggeriet uten isolasjon rundt kjelene, men vanlegvis bruker eg det på alle kar. Samme isjolasjon som på bildene i første innlegg i tråden.

Kjelene er på 50, 36 og 36 Liter. Med ein 50l kan eg skifte om kokekar og HLT og brygge 40 liter (2 corny fat) med OG opp til 1,050 .
 

Vedlegg

  • DQs med slanger.jpg
    DQs med slanger.jpg
    333 KB · Sett: 3.674
  • silbunn.jpg
    silbunn.jpg
    435,6 KB · Sett: 3.713
  • Bryggeriet.jpg
    Bryggeriet.jpg
    358,4 KB · Sett: 3.723
Då har eg endeleg fått mitt nye bryggeri opp og gå. Eg er utruleg fornøgd med oppsettet  :) . Mesking går lett for seg med å hive malten i, røre 3-4 ganger om i karet og la resirkuleringa ta resten av jobben, så finstiller eg tempen med å justere effekten på induksjonsplata. Dette fungerte faktisk så bra at eg skal prøve neste gang å resirkulere gjennom heile meskinga.
Vørteren var krystallklar etter ca. 5 min med resikulering  :) . Å heva temperatur til utmesk gikk også smertefritt, med full effekt heva eg temperaturen til 77,5 grader på ca. 5-10 min. Oppkokingstida etter endt skylling var på knappe 3 min takke være 3,5kw induksjonsplata fra eltema.no (anbefalast på det sterkaste). Får som sagt tidlegare utruleg god kok, koker uten lokk med redusert effekt og har 3,3 liter/time i avdampning. Kjølinga og whirlpoolinga fungerte også veldig bra, kjølte 21,3L fra 100 til 18 grader på 17 min. Og det med min ganske underdimmesjonerte kjøler (skal oppgraderast). Trub og humlerester la seg som ein fin ball i midten og eg fikk 20,5 L klar vørter i gjæringsdunk. Har før bare fått 19 L på dunk av mine 21 L batcher, og da har eg fått med litt grums på slutten. Systemet var også veldig effektivt (87% utbytte). Synes dette er alt for mykje og kjem til å beregne dette ned til  ca. 80% i framtida, men det er kjekt å vite at man har litt å gå på, spesielt når man skal brygge med høg OG  ;D .

Har lagt ved norke bilder av bryggedagen :)
 

Vedlegg

  • Mesking.jpg
    Mesking.jpg
    269,1 KB · Sett: 3.419
  • Skylling.jpg
    Skylling.jpg
    366,8 KB · Sett: 3.408
  • whirlpool.jpg
    whirlpool.jpg
    456,7 KB · Sett: 3.406
  • Termometer.jpg
    Termometer.jpg
    415,3 KB · Sett: 3.388
  • Kokekjel.jpg
    Kokekjel.jpg
    338,5 KB · Sett: 3.354
Du brukar pellets ikkje sant? Den haugen som ligg igjen i gryta ser akkurat ut som i gryta mi :)
-Flott bryggeri!
 
Takker!  :)

protto skrev:
Du brukar pellets ikkje sant? Den haugen som ligg igjen i gryta ser akkurat ut som i gryta mi :)
-Flott bryggeri!

Brukar pellets ja. Ikkje rart at den likner på din haug, da eg har har henta eit par ideer ifra ditt system  ;) .

Bjarte H skrev:
Blir du kvitt avdampen på en bra måte når du koker?

Med tre av dei vindaugene på første bilde i tråden opne så får eg det, men eg har faktisk eit prosjekt undervegs. Eg skal lage meg eit billeg viftesystem av to baderomsvifter og ei treplate, Dette skal kunne monterast i eit opna vindu med vindushasp. Plane er da at dette skal klare å tømma dampen fra toppen av rommet, men hvis det ikkje går skal eg prøva å lage ei trakt over kokekaret av ei plast kasse og ha røyr i mellom kassa og viftene.
 
Torvald skrev:
Mesking går lett for seg med å hive malten i, røre 3-4 ganger om i karet og la resirkuleringa ta resten av jobben, så finstiller eg tempen med å justere effekten på induksjonsplata. Dette fungerte faktisk så bra at eg skal prøve neste gang å resirkulere gjennom heile meskinga.
[...]
Trub og humlerester la seg som ein fin ball i midten og eg fikk 20,5 L klar vørter i gjæringsdunk. Har før bare fått 19 L på dunk av mine 21 L batcher, og da har eg fått med litt grums på slutten. Systemet var også veldig effektivt (87% utbytte). Synes dette er alt for mykje og kjem til å beregne dette ned til  ca. 80% i framtida, men det er kjekt å vite at man har litt å gå på, spesielt når man skal brygge med høg OG  ;D .

Veldig interessant dette. Holder på å sette sammen et system som i prinsippet kommer til å bli veldig likt (bare med en Blichmann BoilerMaker som meskekar),, men lurer på et par ting. Hvor stabilt klarte du å holde tempen med plata? Og resirkulerte du hele tiden mens du hadde på varme på plata? Sank tempen i mesken noe når pumpa ble slått på ved temperaturjusteringer, og hvor fort klarte du å justere tempen (tenker på underveis, ikke ved oppvarming til utmesking)?

Ang. trub: Hva bruker du som klaringsmiddel, og var trubet tettpakket etter whirlpoolingen?
 
Torvald skrev:
Systemet var også veldig effektivt (87% utbytte). Synes dette er alt for mykje og kjem til å beregne dette ned til  ca. 80% i framtida, men det er kjekt å vite at man har litt å gå på, spesielt når man skal brygge med høg OG  ;D .

Hvis vørteren og ølet smaker like godt på 87% som på 80% så er det vel greit med 87 % :)

Jeg tror kanskje at det er litt svakt med 2 baderomsvifter. De flytter ca. 100m^3 i timen. Jeg bruker nå en dedikert kjøkkenventilator som jeg har på stativ ca. 1 meter over Speidelen. Den flytter 400m^3 i timen, og det er ikke mer enn det som trengs med 9% avdamp. Jeg kjøpte den forresten brukt til 300,- på finn så økonomisk er det en grei løsning.
 
@Gahr: Eg skrur pumpa på før malten går i, slik at strike temp også blir justert, men etter malten var oppi var det overaskande lett å finjustere temp med plata, bruke da ganske lav effekt. Mulig det er eit lite temperaturfall i vørteren når den kjem ut av meska og til den kjem inn i igjen, men dette skal eg sjekke grundigere i måro og finne ei løysing for å kompensere for detta. Resirkulerer alltid når plata er på. I måro skal eg prøve å resirkulere gjennom heile meskinga og holde tempen stabil med plata, fordi eg oppfatta det faktisk som enklere å holde tempen stabil med plata og resirkulering enn når eg skrudde plata og pumpa av, men dette gjenstår å sjå.
Eg brukte litt mindre enn 1/2 ts med Young`s irish moss på 15 min, Skal prøve Super Moss i måro. Trub og humle var ganske tettpakka ja, lot vørteren stå i 20 min etter pumpe og kjøler vart skrudd av, men eg tok ikkje ut spiralen før vørter var tappa ut av kokekjelen. Brukte også pumpa til å tappe over i gjæringskar, det fungerte veldig bra. Fikk gjevn og stødig utapping på den måten, og forstyrra minst mulig trub. Skal brygge APA med 130g pellets i kjelen i måro, får sjå korleis det blir da. Kan koma med oppdatering etter bryggedagen, og kanskje med eit bilete, hvis det er ønskelig? Eller så kan kanskje bilete vente til IPA brygging neste uke, med 260g humle i karet burde det brygget sette whirlpoolen på prøve.

@BjarteH: Har også tenkt at dei er litt underdimmensjonert, men hvis eg skal være like heldig som deg å få ei avtreksvifte som trekker 400m3/time så billeg, så må eg kanskje vente ei stund. Dessuten har eg allereie ein del rester som eg kan bruke til dette, blant anna ei badevifte. Men som sagt, hvis det funker dårleg så prøver eg å gjøra det meir retnings basert eller hiver på nokre vifter til. Koster jo ikkje meir enn 150 pr stykk,- på Biltema  ;) .

Edit: @BjarteH: Så lenge ølet smaker godt så er det vel ikkje noko problem med å ha 87% utbytte nei, men man får jo ikkje noko meir smak av å ha 7 % meir i utbytte. Eg ser på det som eit billeg tiltak mot å forhinder garvesyre og ulumskheiter i vørteren. Dessuten taper man minimalt på å bruke litt meir malt pr. batch, og da vil man jo også kanskje få eit litt fyldigere øl.
Sitat fra artikkel av Dave Louw i BYO november 2011: "Zainasheff did not just pick a 70% efficiency target to provide a common standard; he felt the beers were noticeably better compared to those brewed whith extract efficiencies in the mid-80% range and higher" .

Eg kjem nok ikkje til å sikte på 70%, men akkuratt dei 7% over 80 trur eg er lite å tjene på. Må også understreke at dette er bare personleg preferanse, og meiner ikkje at øl med over 80% utbytte blir dårleg av den grunn. Ein av dei bedre stoutane eg har smaka fikk eg servert på bjorleik i år, og den var jo brygga med ca. 85% utbytte, tror eg? Men som sagt er dette hovudsakelig eit billig prevantivt tiltak mot garvesyre.
 
Tilbake
Topp