Eg skal for første gong prøve å stegmeske og grubler litt på korleis eg skal sikre rett temperatur i mesken.
Meskeskjemaet (følger berre oppskrift) er:
50 grader - 10 min
62 grader - 45 min
70 grader - 30 min
Mash out
Eg har pumpe og eit IKEA-dørslag på toppen av mesketønna og tenker å sirkulere om ikkje kontinuerlig så i alle fall i forbindelse med endring av temperaturnivå. Heller enn å måle på eitt punkt i mesken tenker eg å måle temperaturen på vørteren som blir pumpa over mesken. Resonnementet mitt er maltet vil kjøle ned vørteren etter kvart som den renner gjennom mesken fram til temperaturen på mesken er lik temperaturen til vørteren. Planen er å skru opp temperatur/effekt når eg skal opp i temperaturnivå, sirkulere til eg når ønska temp på vørter og sirkulere i fem minutt før eg skrur på lokket. Gjenta til alle meskestega er gjennomført.
Så til det eg ønsker innspel på:
1. Holder planen min vatn? Viss ikkje, kor svikter det?
2. Har nokon tips til kva effekt eg bør gå for når eg skal heve temperatur? Høg effekt gir rask stigning, men dårligare kontroll. Kor er sweet spot?