Har vore veldig glad i øl frå han St Peter i årevis. Eg har søkt etter opplysningar om øla deira i årevis og har funne ein del info, men ingen klone-oppskrifter. Eg har heller aldri forsøkt å brygge noko av dei enno. Eg har nemleg følt at eg ikkje har nødvendig kompetanse til å gå laus på desse (men det begynner kanskje å nærme seg snart).
Eg har lagra noko info om Cream Stouten deira i "øl-mappa" på pc'n, diverre utan å notere ned kvar eg har infoen frå. Det eg har er:
80% pale ale malt, 6% crystal malt, 6 % chocolate malt, 4% wheat malt og 4 % black patent malt. ABC: 6,5 %. Fuggles and Challenger hops. Nettsida deira stadfester alkoholinnhald, humle og "a blend of 5 local malts".
At stouten no er tilgjengeleg på polet gjer at vi fort kan finne ut FG, ergo kan vi begynne å snike oss inn på OG. Men eg veit ikkje kva gjær dei nyttar.