FrodeSy
Norbrygg-medlem
Har ei oppskrift på eit øl eg kan tenke meg å brygge. Ulempen er at ølet er på 8 % medan eg kunne tenke meg å hamne på 5,6 - 6 %. Eg veit det blir tilrådd å berre auke basemalten når ein skal heve OG, men er urolig for å gjere tilsvarande for å redusere OG. Brygget har 31 % spesialmalt (brun, krystall, rista, røykt, sjokolade) no og med ei nedskalering av basemalten nærmer andelen spesialmalt seg 40 % av samla maltmengde. Kva ville du gjort?