Røykt bokkøl

FrodeSy

Norbrygg-medlem
Etter ein tur til Bamberg i Franken i nord-Bayern i haust og smak av UrBock frå Schlenkerla, deira røykte bockøl, så har tanken om å prøve meg på eit liknande øl vokse frå i utgangspunktet å vere heilt uaktuelt til å kunne nærme eit forsøk. Eg er veldig usikker på korleis gripe an dette, men har i utgangspunktet tenkt å bruke ei vanleg bokkøl-oppskrift og tilsette ? % bøkerøykt malt. På andre sida har eg ikkje fått den smaksfylden som trengs i dei to bokkøla eg har brygga, så då er vurderinga om eg skal bruke ei oppskrift på dobbelbokk som basis.

Er det nokon av dykk som har brygga eit røykt bokkøl og blitt fornøgd med resultatet? Eg har søkt litt på nettet utan særleg hell. Har funne litt på ei tysk nettside, men dei røykte bokkøla der er ganske lyse. (Må legge til at eg har brukt google translate for å prøve å forstå innhaldet.)
 
Uten å ha prøvd, jeg ville tatt utgangspunkt i Doppelbock og brukt halvparten røykmalt, i andelen av pilsnermalt. For fylde er vel Caramunic et tips. 11 % Caramunic ga meg en FG på 1022. Jeg tok full pakke med trippel dekoksjon (40, 50 og 67 grader) og selvfølgelig WLP833.


Sent from my iPhone using Tapatalk
 
Nettopp lest om bokkøl i "Designing great beers". Virker som det er gjennomgående veldig høy % av Munich malt, ofte opp mot 100%, med litt crystal. Veit ikke hva du bruker som base. Har sjøl brukt røkt hvetemalt i lignende smaker, men aldri brygga bock. Dekoksjon er standarden i industrien ser det ut til, det vil vel gi endel av fylden du trenger
 
Takkar for innspel!

Har brygga Bokkøla til Jamil Zainasheff to gongar. Den andre gongen var best, då utan den mørke krystallmalten, men med litt meir cara / krystal.
Har "DGB" så brukar tipsa der. Men usikker på om eg "gidd" dekoksjon, vurderer heller auke litt mengden melanoidinmalt som eit forsøk på å kompensere. Det blir ikkje det same. Vurderer også auke mengden medium caramunich / krystallmalt. T.d. 64 % munchen, 20 % rauchmalt, 4 % melanoidin, 12 % caramunich. Nokre dropar / få gram Sinamar-ekstrakt frå Weyermann til fargejustering.

Når det gjeld gjær så har eg tenkt å forsøke med tørrgjær Saflager W34/70. Smakte ein bayer med denne gjæra av ein tysk bryggar her på Sunnmøre. Den øla var veldig bra (bortsett frå karboneringsnivået, men det er ikkje noko sentralt poeng i her).
 
Jeg har bare brygget vanlig rauchbier, basert på lagerøl. I den oppskriften brukte jeg 18% tysk røykmalt. Gir en fin svak røyksmak, men tror jeg skal bruke litt mer ved neste forsøk.
I min "Røyka Jævel" brukte jeg 90% engelsk torvrøkt whiskymalt, men det blir en helt annen skål.
Under brygging av sistnevnte, kom kona ned og lurte på om vi brant bål i bryggeboden. Det lukta litt røyk ja
 
He he he, Ketil. Den kjenner eg meg godt igjen i. Eg var så heldig å få tilgang til noko Stjørdalsmalt for ein del år tilbake. Brukte berre 30 % av denne, men huset lukta røykskade fleire dagar etter. Godt vi skulle vekk for det kunne blitt siste gong eg fekk brygge på kjøkkenet.

Basert på at 18 % tysk røykmalt (var dette Best Malz eller Weyermann?) gir fin svak røyksmak, så må eg kanskje både på 25 % og 30 % røykmalt.
 
Tilbake
Topp