FrodeSy
Norbrygg-medlem
Etter ein tur til Bamberg i Franken i nord-Bayern i haust og smak av UrBock frå Schlenkerla, deira røykte bockøl, så har tanken om å prøve meg på eit liknande øl vokse frå i utgangspunktet å vere heilt uaktuelt til å kunne nærme eit forsøk. Eg er veldig usikker på korleis gripe an dette, men har i utgangspunktet tenkt å bruke ei vanleg bokkøl-oppskrift og tilsette ? % bøkerøykt malt. På andre sida har eg ikkje fått den smaksfylden som trengs i dei to bokkøla eg har brygga, så då er vurderinga om eg skal bruke ei oppskrift på dobbelbokk som basis.
Er det nokon av dykk som har brygga eit røykt bokkøl og blitt fornøgd med resultatet? Eg har søkt litt på nettet utan særleg hell. Har funne litt på ei tysk nettside, men dei røykte bokkøla der er ganske lyse. (Må legge til at eg har brukt google translate for å prøve å forstå innhaldet.)