Har omsider fått kopla opp PT100 , PID og SSR - (alle frå Auberins) som styrer min elektriske kjele . Dette er montert på undersida av kjelen. Varmelementet i kjelen er under botnen. Det er kort avstand frå varmeelementet til PT100 sensoren (8-10 cm). Når væska i kjelen nærmar seg SET temperatur begynner temperaturmålingane å bli "gaga" - dei går opp/ned 2-3 grader - 3-4 gonger i sekundet. Samstundes kjører PID SSR på/av. Første tenkte eg at PID eller temperatutsensor kanskje var i uorden - så eg bytte ut begge - men det er fortsatt jojo-temperaturmåling. Etter å ha lest litt på FAQen til Auberins ser eg at det er mogleg det er varmelementet som kanskje støyar signalet frå temperatursensor .
Alternativ 1:
a) Ledningen til temp.sensor er ikkje støyisolert på noko måte - fins det mon tru strømper ein kan tre utanpå? Skal den isåfall jordast?
b) Kan ein korta inn ledningen ? (på Auberins FAQ verkar det som å vera problematisk å forlengja ledningen så det er kanskje det same om ein forkortar ledningen? )
Bilete av den blanke kokaren som er utgangspunkt er her: http://www.cateringcentreuk.co.uk/bmz_cache/a/a0ed2cb882b1771da14c3cdf0992ff5c.image.408x550.jpg
Bilete frå undersida før eg har bytt ut termostat og sikringar med PID/SSR or PT100. http://i924.photobucket.com/albums/ad90/sven9999/C30STHF/DSCF0044croppedandscaled.jpg . Eg har montert PID der termostatkontrollen er og så har eg skrudd SSR med kjøleribba på veggen ved sida av den og på andre sida har eg bora hol i tanken på undersida - ytterst ved veggen og installert PID.
Alternativ 2: er å laga ein boks på utsida. isåfall må også PT100 på utsida og då er det vel naturleg å montera den inline i ein T der ein hentar ut væske til pumpa som skal sirkulera under mesking.
a) Nokon som har funne PT100 som kan skruast inn i 1/2" T ? Det står M14 på Auberins PT100 og det er vel noko anna enn NPT og våre europeiske koblingar.