Eg har brygga mitt 4. øl - ein pale ale. Alt gjekk som normalt i brygginga og hadde ein OG på 1049. Svært god gjæring første 3-4 døgn og så avtok gjæringa til nesten ingen aktivitet. Den fekk likevel stå i 14 dagar før eg tappa på flaske for karbonering. Det som bekymrer meg er at FG var 1025 ved omtapping. Er ikkje ølet utgjæra? Har eg ved å setje til 6g/l sukker laga bomber? Det står no med ca 20 grader. Etter kalkulering skal ølet halde ein styrke på i overkant av 3%... Er det berre å tøme ut og starte på nytt, eller?