NPT versus BSP - tips

katla

Sidan eg for mitt "lag deg ein manuell pid-styrt speidel-lignande-kopi-prosjekt" har kjøpt dei same pumpene som eg forstår vert brukt i speidel (ITT / LAING Ecocirc E1) som har vanleg europeisk 1/2" tilkobling - har eg drive ei heller intens jakt etter anna 1/2 " europeisk utstyr (eller rettare sagt BSP). 

Som mange har sagt i ein annan tråd her så er norske leverandørar heller dyre og vanskelege å få i tale (om du i det heile tatt finn nokon).  Det fins gode og ikke så verst prisa koblingar på www.maritim.no (og i båtbutikkar).  Men hurtigkoblingar i 1/2" rustfritt er det så godt som umogleg å oppdriva.     

Idag snakka eg med ein som har lang erfaring som instrumentrørleggjar og eg fortalde han at no hadde eg omsider funne ei norsk bedrift som selde overgang frå 1/2" NPT til BSP - og han fortalde meg då at når det gjeld 1/2" NPT og 1/2" BSP - så går dei greit i hop utan nokon overgang (som forøvrig kosta  300 kroner). (obs. dette gjeld ikkje andre dimensjonar).  På akkurat denne dimensjonen er det visst like mange gjenger pr. tomme - einaste forskjellen er at NPT visstnok har ei stigning i sporet på 55 grader mens BSP har 60 - men det går greit - vi opererar jo ikkje med særs høgt trykk. 

Slikt kan jo vera nyttig å vita for ein som skrur i hop saker og ting sjølv  ;D
 
Jeg har en fin mix av NTP og BSP selv, alt er 1/2", og de passer helt fint sammen. Tette og fine også :)
 
Eg har nevnt det fleire ganger før, 1/2" og 3/4" npt og bsp har samme gjengestigning og tilnerma same diameter. Går stort sett overeins :)

Berre husk at npt er konisk og bsp er stort sett rettgjenga (med unntak), så einaste gangen det kan bli litt tight er når ein utvendig rettgjenga bsp skal inn i ein innvendig npt.
 
I mitt arbeid med brønnservice hvor vi driver med trykksatte systemer til eks antall hundre bar skjærer det i mine ører å høre om blanding av disse to gjengetypene!
Men, ved lave trykk blir disse tette så de kan brukes.
Du må bare ha i bakhodet at fittingene ikke liker å bli mikset og fort kan ta skade av dette slik at de ikke kan brukes like mange ganger, skal du ha en kobling opp og igjen mange ganger bør du absolutt kjøre BSP-BSP
 
Magnus Jensen skrev:

Du har sjølvsagt rett, men til vårt bruk som har vanlegvis trykk tilsvarande 0bar, eller kansje maks 1-2bar er det normalt uproblematisk. Litt gjengetape tettar og hindrar at rustfritt mot rustfritt skjærer seg.

Ein annan ting er at desse to standarane ofte blir blanda, utan at den som har gjort det eigentleg er klar over det.
 
Eg har nevnt det fleire ganger før, 1/2" og 3/4" npt og bsp har samme gjengestigning og tilnerma same diameter. Går stort sett overeins :)

Berre husk at npt er konisk og bsp er stort sett rettgjenga (med unntak), så einaste gangen det kan bli litt tight er når ein utvendig rettgjenga bsp skal inn i ein innvendig npt.

Eg har ein triclamp med innvendig 1/2" npt som eg skal sette på ei gjennomføring i eit kar. I dag har eg ei Biltema 1/2" bordgjennomføring, men triclamp med 1/2" npt passar ikkje på denne. Klarar kanskje ein omdreining så er det stopp. Nokon som veit kva gjengar som er på desse bordgjennomføringane?
Sidan dette ikkje passar har eg sett på ei gjennomføring som har 1/2" bsp utvendige gjengar. Vil denne passe saman med innvendig 1/2" npt?
 
BSP hann går ikke inn i NPT hunn.

Ka skal du ha på andre siden av triclampen? rett inn i karet?
 
Ja, triclampen skal sitte på karet.
Problemet løste seg egentlig. Samme forhandler hadde npt på gjennomføring. Det var berre eg som ikkje kunne leite.
 
Tilbake
Topp