Etter 3 brygg fann eg ut at eg ville gå frå kjøleboksar og elendig kokeplate til mest mogleg kompakt bryggeri - gjerne med innebygd varme. Inspirert av speidel har eg laga eit alt-i-eitt bryggeri basert på ein engelsk Burco 30 liters kokekjel der eg har bytt ut termostat og diverse med PID, SSR og temp.følar og så har eg installert pumpe (skal visst vera den same som er i speidelen). I motsetnad til speidel så har eg valgt å pumpa frå toppen og nedover i meskekaret. Det skuldast at varmeelementet er under meskekaret og at eg ville kunne bryggja varierande mengder. Første forsøk for eit par daga sidan var meskefiasko men siste modifikasjonar medførte at det teknisk sett fungerte som eg ynskte og idag bryggja eg ein Wit.
Når eg meska i kjøleboks varma eg opp 2,5 liter vatn pr. kg malt for sjølve meskinga. Dette sto i 1 time og godgjorde seg på 66-67 grader. Deretter skylte eg med den vassmengden brygget skulle vera på (f.eks. 25 liter) og skyllinga kunne ta kanskje 1 times tid.
I min ringe speidel kopi hjelper det ikkje mykje med 2,5 liter vatn pr. kg malt - eg må vel opp i allefall 5 liter vatn pr. kg malt og idag brukte eg vel 22-23 liter til meskeprosessen Eg synes eg har lest noko om at det ikkje skal vera for mykje vatn ved mesking for då verkar enzyma dårlegare.
Her kjem spørsmålet til ekspertar av alle slag: Betyr det at eg må begynna å meska slik dei gjer det på speidel? først proteinmodus (5-40 min) på 52 grader, så maltosemodus i 40 minutt på 63 grader og så saccharification modus nr 1 på 73 grader i 40 minutt og deretter nr 2 på 78 grader i 10-20 minutt. Eller må eg f.eks. auka mesketida om eg skal meska ein-stegs på 66-67 grader?