Kor lenge kan vørteret stå før koking?

Kunnige godtfolk med vit og erfaring; eg meiska meg litt vørter i går kveld og hadde tenkt å koka med ein gong. Men så kalla familiepliktene, og det har dei og snøveret gjort i dag og. Vørteret står i bøtter og held sikkert 20 grader. Er det allereie øydelagt, kan eg venta til i morgon, eller er siste sjanse i kveld?
 
Tusen takk! Vørteren sto i fire bøtter, tre av dei var enten mygl eller noko slimete grufs på. Den fjerde bøtta såg bra ut og smakte lekkert, så det blei eit minibrygg og ein lærdom.
 
Tilbake
Topp