Eg pleier å tappe fra gjæringsdunken (60l labb) frå kran i botnen, via slange som er splitta til to ut-ventilar. Fyller to fat i ein sleng. Opnar sikerheitsventilen og let star-san skummet sive ut der etterkvart som fata fyllast. Stappar ein slange nedi duplex-gjærlåsen og set på eit lite co2 trykk på gjæringsfatet. Då går tappinga som ein leik. Må berre passe på trykket for det skal forsvinnande lite til før lokket på gjæringspannet bular faretruande.