Innkalling til årsmøte i Norbrygg Sogn og Fjordane

JensD

Norbrygg-medlem
Fredag 3.februar klokka 19.00 – 20.30 blir det halde fylkesårsmøte i Norbrygg Sogn og Fjordane.

Fylkesårsmøtet tek stad i Brunosten, Fjellvegen 10, Førde, og er ope for alle Norbryggmedlemmar. Medlemmar busette i gjeldande fylke har tale-, forslags- og stemmerett. Andre Norbryggmedlemmar har møte- og talerett.

Sakene som skal handsamast på fylkesårsmøtet er:
  • Godkjenning av innkalling og sakliste
  • Årsmelding og rekneskap for fylkeslaget
  • Val av fylkesstyre på minimum 3 personar. Leiar blir vald medan resten av styret konstituerar seg sjølv på fyrste fylkesstyremøte.
  • Val av delegatar til landsmøtet i Norbrygg med personlege vararepresentantar
  • Val av valkomite på 3 medlemmar til 2018
  • Budsjett
  • Arbeidsprogram/aktivitetsplan
  • Eventuelt innkomne saker
Innkomne saker skal vere mottekne av fylkesstyret seinast 2 veker før møtet.

Det er 1 delegatar frå Sogn og Fjordane som skal deltake på landsmøtet.

Vel møtt!
 
Tilbake
Topp