Har nokon litt caramunich å selge?

FrodeSy

Norbrygg-medlem
Eg har kjøpt ingrediensar til to batchar med belgisk øl (saison og strong dark / trappist). Trudde eg hadde caramunich på lager, men der tok eg skammeleg feil. Ser at det kostar over hundrelappen berre i frakt, så då tillet eg meg å spørje om der er ei (nokre) elskverdig(e) sjel(er) som kan ha 550 gram av caramunich med EBC på rundt 100 - 120 å selje til ein kar? Alternativt kan eg kanskje bidra med noko humle eller malt eller ein pakke Safale US-05?

Eg kunne sjølvsagt brukt engelsk krystallmalt med tilsvarande farge, som eg faktisk har på lager, men eg ønskjer i det lengste å unngå det då eg ønskjer eit mest muleg autentisk preg på dei to belgiarane.
 
Kan ikke helt se at caramunich fra Bamberg blir så mye mer autentisk enn et helt tilsvarende krystallmalt fra England. Kjør på med det du har.
 
Det funkar nok fint, Gustav. Det var berre det at eg i samband med førebuing til brygging høyrte på podcast med Jamil, Tasty & Co om Belgisk Blond. Der sa dei at i byrjinga av sendingane ofte anbefalte engelsk krystallmalt når det skulle brukast den type malt, men no hadde dei meir eller mindre gått vekk frå den praksis. Men du har nok eit poeng med at det ikkje nødvendigvis blir meir autentisk med tysk kontra engelsk krystallmalt. Belgiarane nyttar jo faktisk m.a. engelsk humle i sine øl.
 
FrodeSy skrev:
Det funkar nok fint, Gustav. Det var berre det at eg i samband med førebuing til brygging høyrte på podcast med Jamil, Tasty & Co om Belgisk Blond. Der sa dei at i byrjinga av sendingane ofte anbefalte engelsk krystallmalt når det skulle brukast den type malt, men no hadde dei meir eller mindre gått vekk frå den praksis.

Jeg er av de som tror amerikanerne er litt for flinke til å lete etter regionale forskjeller og terroir, spesielt i malt. Det er nok en liten forskjell i tradisjonene og brukte konsorter mellom England og Tyskland, men så lenge vi snakker om malt der byggsorten ikke er angitt (marris otter, for eksempel) kan jeg ikke skjønne at dette er av betydning.

Er det et godt kornår i England og et dårlig i Tyskland, kan det jo også være engelsk bygg i tysk malt. Da sitter man igjen med at valutaen på regninga, forurensningene i lufta eller noe annet marginalt skal påvirke smaken. Jeg er mer enn skeptisk.

Er det snakk om malttyper som har andre forskjeller, så blir jo saken noe litt annet. Jeg har, for eksempel, til gode å finne brown malt fra et tysk malteri. Men for helt generisk karamellmalt, som caramunich? Næh.
 
@Brede: har ikkje brygga enno, men vil følgje Gustav sitt råd om å bruke det engelske krystallmaltet eg har. Men mange takk for tilbodet  :ilike:

@Gustav: takk for konstruktive innspel  :ilike:
 
Tilbake
Topp