Eg er veldig glad i APA og har brygga både med spraymalt og spesialmalt + allgrain. Mitt beste øl hadde ein lett kropp, var veldig lettdrikkande og hadde mykje god humlesmak og -aroma, og var eit øl med lys ekstrakt og 6 % carapils som spesialmalt, m.a.o. ikkje frykteleg ulikt ditt forslag. Sjølv med overgang til allgrain så kjem eg faktisk til å brygge denne igjen. (Og så sparer eg tid og kan brygge på ei lita kveldsøkt.)
Eg ville basert meg berre på lys ekstrakt som base og hatt 6 - 8 % carapils. Sikkert greitt med 11 % så får du litt meir kropp. Chinook og Cascade er knallgodt! Enig med Løver i å flytte 5-minutteren til 1 minutt, men eg ville nok ha hatt i minst 3 gram pr liter vørter. Eg har også erfaring med tilsetting av humle "post-boil" dvs når vørteren er ca 80 grader. Synes faktisk dette, i motsetnad til tilsetting med 1 minutts kok, sørga for at humla i større grad vart verande att i ølet sjølv etter stormgjæringa.
Når det gjeld tørrhumling så ville eg ha slengt oppi minst 3 gram pr liter øl. 50 / 50 mellom Cascade og Amarillo. Amarilloen tilfører eit betre aromabilete med tropisk frukt (litt a la vingummi) litt appelsin og sitrus.