Georg J. skrev:
Heisann.
Skulle hatt ett par dip tube løsninger til hlt og kokekjele med påmontert 1/2" mpt fra
Weldlessfittings
Jeg ser at bla.
Bryggmaker selger ferdige løsninger, men synes det blir dyrt når man nærmer seg 700kr for 2 stk inkl, frakt, og tenker at dette må da kunne fikses på en rimeligere måte
Kunne det funket med
denne og en bøyd rørbit?
Til bruk i kokekjele eller HLT fungerer det greit med eit vanleg bend. Eg plar bruka eit vanleg 90 grader bend (utan slangenippel) i slike kokekar. Brukar ein berre eit vanleg bend slepp ein å montera kranen altfor høgt oppe. Brukar ein slangenippel i tillegg må ein - om ein skal kunna demontera det ein har på innsida - kunne snu det rundt og dermed må det monterast høgare - men om ein er tilfreds med å måtta demontera krane og gjennomføring på utsida først - kan ein montera det lågare (og la slangenippel vera montert på skrått).
I ein meskekjele der ein skal ha silbotn under kranen (for å få lite rom under silbotnen) må ein dessverre ha ei løysing som gjer at ein kan montera/demontera pickup tuben og då er det eigentleg berre 3 løysingar:
1) ein slik pickuptube med ei laus skrue som gjer at ein kan skru den fast etter at den er sett på plass (utan at tuben må snurra rundt)
2) slik som Blichmann har gjort: laga eit større hol i silbotnen og så bruka ei plate for å skjula dette. Blichmann bruker ei skive rundt pickuptube røyret som vert lagt ned på silplata når pickuptuben er på plass. Det er også greit at det er såpass tett rundt tilkoblinga til pickuptuben slik at ein ikkje tek inn luft (når ein skal ha ut siste rest frå kjelen).
3) ei løysing slik weldlessfittings har. Der er det brukt Swagelock kobling - dette er ikkje så elegant å montera/demontera som Blichmann si løysing og den som kjem frå Bergen - det skuldast at koblings først må skruast på plass i kjelen - så må ein montera røret og skru det på plass.
Det er mogleg ein kunne ha nytta eit bøyd rør med f.eks. ein slangebit rundt der ein kan stikka heile stasen inn i gjennomføringa og om ein finn rett dimensjon for begge kan det kanskje fungera greit. Det er vel omtrent det som er prinsippet som Blichmann nyttar og eg tippar at det fungerar sidan det vert ført både langt inn og særs god passform.
Men det er no sikrast å skru slikt fast i tilfelle ein er uvøren når ein rører i mesken.
Ein annan sak med DIP tube som kanskje gjer at dei ikkje er så greie å bruka i kokekar er det at dei har lågare tverrsnitt slik at dei vil strupa væskeflyten om ein skal kjøra whirlpool. Brukar ein vanleg halvtoms bend vil ein få 1/2" heile vegen og då går whirlpoolinga betre. Og tek ein utgangspunkt i at 1/2" = 12,5 mm så vil reduksjon til 10 mm indre tverrsnitt føra til at ein berre får 64% igjennom i høve til full port (12,5). og er ein nedi 8 mm så er ein nede i 41%. Då må trykket (eller suget) aukast for å kompensera - men dette kan sikkert mange her på forumet meir om enn meg.