Omsider byrjar det å nerma seg jomfrubrygget mitt. Eg har kjøpt inn eitt corneliusfat, men ser at eg høgst truleg kjem til å kjøpa fleire. Eg har ordna meg med co2, samt co2 regulator med 2 utganger. Er det slikt å forstå at ein karbonerer ølet etter type, dvs at ein lager har meir co2 enn ein ale, medan dei begge vert tappa med det same trykket? Vil ikkje forskjellig co2 på to ulike fat gjera sitt til at det vert pressa øl frå det fatet med mest trykk over på det som har mindre trykk?