Eg har bitra fire-fem brygg med gammal Cascade blomst, kanskje fem år gammal. AAen er mykje lågare enn fersk, eg har smakt og synsa meg fram til ca. 3% utan at eg veit noko som helst. Til gjengjeld har eg ein heil del som eg fekk billeg. Blomst passar dårleg i kjelen min, så eg har bitterhumla i meisken. Det ser ut til å bli ein del mindre IBUar pr gram, men smaken blir rund og god. Du vil ikkje prøva dette viss du berre har ein sjanse til å laga verdens beste konkurransebrygg. Men viss du kan ta sjansen på at ølet berre blir godt, og ikkje 140% perfekt, så er det berre å prøva seg fram. Det finst folk på nettet som seier at mash hopping ikkje virkar, men det virkar i alle fall for meg.