Ser at vi ikke har lov til å koble opp STC-1000. Går oppkoblingen som annen elektrisk tilkobling i huset som skal gjøres av elektriker?
Har planer om å sette bøttene på loftet i fellesarealet med varmebelte. Er dette ikke å anbefale? Har satt opp koblingen med WAGO klemmer, men har ikke jording. Kanskje sette opp det først? Har brukt systemet i leiligheten en stund uten problemer.
Kan aldri tru at det er noko meir ulovleg å kople ein STC enn det er å gjøre det som er beskriven i bilete, spesielt ikkje når du bruker wago klemmer. Eg hadde vertfall reagert dersom eg fekk ein jobb å kople opp noko sånt for ein kunde..
Avisolering og wago 101:
- Bruk ei skikkelig avmantlingstang, ikkje sideavbitar
- Det er enklast å avisolere PR, som er ein ein-ledar kabel, PN som er fleirledar er hakket vanskeligare, men det går fint
- Pass på at du ikkje har skada koparen (dette ser du lett ved å bøyge litt på den der isolasjonen starter) viss du har det, så klypp og gjer på nytt
- Ikkje fjern for mykje isolasjon, det er printa på klemmene kor mykje du skal avisolere ledaren
- Det skal berre ein ledar i kvert klemmehol
- Dra litt i ledningane når du har satt dei i klemmene
Ellers
- Alle jordingar skal saman, men sjølve STC boksen har sikkert ikkje noko jordingspunkt då den er i plast.
- Skal du ha noko med varme vil eg sterkt anbefale å ha med jording.
Og som han skreiv over her, det går alltid bra - heilt til det brenn. Sett opp ein røykvarslar i nærleiken, dei koster nesten ingenting..