Brew Boy. Eg har litt tørka, vacuumert og frosen frå i fjor. Den kan du få straks. Årets humle har noko lupulin utvikla til no, men er ikkje på noko vis ferdig. Dersom du kjem att om 14 dagar- minner meg på- så skal du få av årets avling. Tørka og vacuuumert. Denne kan sendast. Fersk og...
Ei krone grammet er vel ein passande pris for handverk. Det er då tørka humle. Rå humle (kongle) blir redusert til ca ein fjerdedel ved tørking.
Toppen er å brygge på fersk humle. Den tåler lite lagring. Bør vere luftig og maks 12 timar. Ved vakuumering kan det gjerne gå lengre tid, men det veit...
Eg forstår ikkje heilt korleis svara fordeler seg i forhold til innspel som er komne. Det får så vere- her er i alle fall svar til msevland. Det er risikosport å sende rå konglar. Plukkereglane seier at ein bør tørke ein time etter plukking. I alle fall bør dei ikkje ligge over natta. Dersom du...
Det var hyggeleg! Eg må nok vente litt med plukking- kanskje 14 dagar- men det blir mykje, slik det ser ut. Om bloggen fungerer på heimesida, vil det kome info der. Om eg rotar i digitale medier og ikkje fylgjer opp- ta kontakt att om 14 dagar.
Den norske klonen -kalla "Fletre" er på veg til å modne i toppen (det er der dei modnast først) og lupulinet er godt synleg. Det er enno litt tidleg å plukke, -og no ventar ei veke med regn- så det går litt seinare med modninga. Om ei veke-14 dagar, bør plukking kunne starte. Det er alvorleg...
Norsk humle under modning. Lupulinet viser seg på toppen. Northern Brewer blømde i går! Sal av humle, omsyning og ølsmaking tilbys. For meir informasjon se: http://www.fletre-humlehage.com
Hagen ligg på Voss og rettar seg førebels mot heimebryggarar og småkvanta.
Humlehagen på Fletre, Voss, har i dag 100 løpemeter med humle under modning. Ein gamal humlehage er tatt opp att og gjev i dag god avling. Dette er kanskje ein humle tilsvarande nr. 9 i nordisk genbank. Etter 2 års smaking, er det ein svært god-og særeigen- smakshumle . Eg har og NB, EKG, Target...
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.