Eg bur per i dag på 33 kvm, så ser ikkje for meg det skjer med det fyrste. Fekk så vidt godkjent gjæringsskapet i boden. Giftar meg i juni, så kanskje eg kan kreve at eg har rett på å ha opptil fem kjøleskap i ekte(kjøle)skapet.
Haha. Nettopp. Intensjonane er alltid gode når det kjem til bryggetips, men til sjuande og sist så er det eit velsmakande resultat som motiverer i denne hobbyen. Eg brygga mine åtte fyrste brygg utan temperaturkontroll, og det førte til at dei eg brygga med mista motivasjonen og slutta fordi...
Absolutt utvikle ja! :)
Takk for gode svar! Eg har blitt fortalt ting som «om ein ikkje har moglegheit til å lagre kaldt, så lagrer berre ein varmt. Øl blir det uansett». Det er greit nok det, men eg vil heller ha ein fersk IPA enn ein varmtlagra porter som ikkje er god når den store...
Gir meining! :)
Om ein skal tilsette gjær som Jikiun seier, er det då vanleg med samme gjærtype eller noko som Cbc-1? Får inntrykk av at sistnevnte stort sett er for øl med høg ABV.
Spørsmål: kor lang tid vanlegvis før smaken av oksidering kicker inn i ølet? Meiner å ha lest at det tar gjerne ei god stund. Eg har utan tvil tilført oksygen i IPA og APA i tørrhumlinga, men i og med at dei som humlebaserte øl gjerne skal konsumerast i løpet av eit par månader lurer eg om det...
Betrakteleg hyggelegare:
PBW – 450-gram-pakken til 129 kroner på Bryggselv: 273 kroner per kilo
PBW – 22.5-bøtta til 1990 kroner på Bryggselv: 88 kroner per kilo (absurde 68 % billegare)
Sun Extra Power: 40 kroner per kilo
Hevert er vel ikkje optimalt med tanke på oksidering, men virkar som den lettaste løysinga når ein har vanleg gjæringsbøtte.
Å ha flaskene liggande under karbonering er eit tips eg ikkje har lese før! Er det for å spre gjæren betre utover i ølet og gi ein raskare prosess?
Takk for svar! Men om det finst meir enn nok gjær til karboneringa, kva slags jobb gjer den ekstra gjæren Kjetil snakkar om? Korleis minsker den sjangsane for oksidering?
Eg skal snart brygge ein porter til bryllaup neste sommar, og vil gjerne unngå oksidering etter beste evne. :)
Eg vil spele litt vidare på dette temaet med å sitere (relativt nøyaktig) Kjetil Jikiun i siste episode av Vestkast:
«Jeg skjønner at mange synes det er fint å ha et klart øl, og at det er fint at det ikke legger seg sedimenter i bunnen av flasken. Men når man gjør det, så har man jo lagt til...
Skjønar. PBW i erlenmeyer var i alle fall svært deilig. Om eg bruker PBW kun til kolbe, kokekjele og kran så vil det bli cirka 20 kroner per brygg.
Blir betrakteleg billegare om oppvaskmiddelet gjer jobben på kar og ikkje minst flasker. Gler meg til å teste!
Tar oppvaskmaskinmiddelet knekken på ein skitten erlenmeyer? Skitten frå den krausen rekk ofte å setje seg ganske hardt under dekantering. Dei er kliss umoglege å vaske med kost, så kolben min vart skinnande rein etter ei fuktig natt med PBW.
Kanskje kolben til og med kunne tatt ein tur i maskina.
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.