Det er kanskje ein god ide. Eg har berre brukt chinook til bitterhumle i IPA, som eg kan hugse, så eg er usikker på korleis den vil smake seinare i prosessen. Comombus i WP er fint, men "problemet" då er at det vert lite tørrhumle....
Eg tenker å lage meg ein reste-IPA. 15l, berekna IBU 74,5 med dette oppsettet.
Foreløpig humleskjema beståande av absolutt alt eg har i frysaren ser slik ut:
Hallertau Mittelfrüh - 57g @60
Chinook - 40g @10
Simcoe - 10g @10
Chinook - 40g @10
Colombus - 42g Tørr
Mosaic - 13g Tørr
Har nokon...
Jeg ser at en del av dere gjærer i bøtte med kran og tapper rett fra bøtta i flasker. Jeg går ut fra at man da bruker karboneringsdrops så den saken er grei, men hvordan unngår dere å få gruff i flaskene? Når jeg for eksempel lager en IPA er det jo massevis av gruff....
Etter dei to siste brygga mine har eg funne ein geleaktig klump i kjelen etter at eg har fått alt over i gjæringsbøtta. Er det nokon som veit kva dette kan vere? Eg har ein tanke om at det kanskje kan ha samanheng med det Protafloc gjer, men eg veit ikkje.
Klumpen ser altså ut som gele, blanda...
Eg skal flytte, og gjev derfor vekk omtrent ein søppelsekk med diverse flasker. Dei er skylte etter bruk, men har framleis etiketten på. Det er ein salig blanding av ulike bryggeri og volum på flaskene. Kort fortalt alt eg har smakt på det siste halvåret eller noko slikt.
Flaskene kan hentast i...
Har ein IPA eg skal ha på flaske i løpet av kvelden eller i morgon. Då eg tok FG-lesinga måtte eg sjølvsagt ha meg ein smak, og den var utruleg bitter. Eg håpar det kan roe seg på flaske, og at noko av problemet er at eg fekk med mykje humle som låg og flaut i bøtta. Er det nokon som kan gjere...
Ja, den sida har eg faktisk funne. Og eg har spora opp adressa til butikken din. Så førebuingane er i gang! :)
@Terje J: Takk for tipset om Kjeller 5. Var i Ølhallen då eg var i Tromsø, men fekk ikkje med med akkurat den butikken. Og takk for tipset om den Facebook-gruppa.
No skal ingen påstå...
Heisann. Eg flyttar til Tromsø i månadsskiftet januar/februar. Dette gjer at eg har nokre spørsmål. Er det til dømes ein butikk for bryggeutstyr i byen? Og er det andre heimebryggarar det er mogeleg å slå av ein prat og bytte nokre flasker med? Det er jo ei eiga gruppe for Tromsø her på forumet...
Den ser eg no er på 10,1 og er faktisk 2014 humle. Planen var å bruke den som eg hadde liggande og kjøpe to poser med ny humle. Satsar på at vakumpakka og uopna humle held seg såpass at 2014-posen er brukande....
Fruen har bestilt ein frisk og fruktig ipa, og eg har lyst til å prøve eit par nye humler. Eg har berre snekra ein ipa oppskrift tidlegare. Den vart veldig bra, men no vil eg forsøke noko nytt og er takksam for innspel.
Kan dette bli ein frisk og god sak? Eg skal flytte om ikkje så lenge, så...
Ikkje heilt tette, men Co2 gåt ut gjennom ei glipe mellom lokket og bøtta, slik eg har forstått det.
Når eg såg no før eg skulle legge meg, synes eg forresten det kunne sjå ut som om det var aktivitet i den andre bøtta også, så det kan sjå ut som om du får behalde pilsen din.
Eg satte ein batch Berliner weisse til gjæring for eit par dagar sidan. Eg har 20 liter delt på to bøtter (Planen er å ha pasjonsfrukt i den eine og la den andre vere "clean", men det er ikkje viktig her...) Saka er at det kan sjå ut som om den eine bøtta har starta gjæring, medan eg ikkje ser...
Dunken vert kun for lactoo, ja. Har snakka med andre som meiner det er fare for smitte, så eg trur eg prøver meg å syrne ein annan plass enn der eg vanlegvis gjærar. Kjipt å øydeleggge skapet berre for dette eksperimentet.... Så får vi sjå om det vert øl eller ikkje av maltet eg har liggande....
Eg driv og planlegg å brygge ein Berliner Weisse, og har innsett at eg må syrne vørteren i eit gjæringskar. Eg brukar eit kjøleskap med varme som gjæringsskap og ser at det kan funke, men eg lurar på om det er smittefare for seinare brygg med å sette ei bøtte med bakteriar inn der eg vanlegvis...
Det er faktisk det beltet eg har sett på sjølv, som om det funkar til oppgåva er jo vurderinga mykje enklare. ;)
Eg har også vore innom tanken på steikeovnen, men eg trur gryta er for høg, og eg er usikker på om den vil klare å halde ein så låg temperatur, så eg har slått frå meg akkurat...
Eg har lyst til å lage ein berliner wiesse, men eg lurar på korleis eg skal klare å halde ei gryte på 40 gradar over tid. Eg lurar på varmebelte inne i eit kjøleskap der det allereie er ei varmeplate. Kan det funke? Evt berre med varmeplata? Ho varmar fint opp gjæringstankar med 20l+, opp ein...
Absolutt! Han kunne jo ikkje vite at eg sat og sikla på ei oppskrift. Vestkast er det einaste som får meg til å tenke at ein og ein halv time heim frå jobb av og til kan ha noko bra med seg....
Ja, eg høyrde den og sat og venta på meir informasjon enn at dei brukte Biola. Sidan det ikkje kom noko særleg meir tenkte eg at eg fekk spørje her....
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.