Gir meining! :)
Om ein skal tilsette gjær som Jikiun seier, er det då vanleg med samme gjærtype eller noko som Cbc-1? Får inntrykk av at sistnevnte stort sett er for øl med høg ABV.
Spørsmål: kor lang tid vanlegvis før smaken av oksidering kicker inn i ølet? Meiner å ha lest at det tar gjerne ei god stund. Eg har utan tvil tilført oksygen i IPA og APA i tørrhumlinga, men i og med at dei som humlebaserte øl gjerne skal konsumerast i løpet av eit par månader lurer eg om det...
Betrakteleg hyggelegare:
PBW – 450-gram-pakken til 129 kroner på Bryggselv: 273 kroner per kilo
PBW – 22.5-bøtta til 1990 kroner på Bryggselv: 88 kroner per kilo (absurde 68 % billegare)
Sun Extra Power: 40 kroner per kilo
Hevert er vel ikkje optimalt med tanke på oksidering, men virkar som den lettaste løysinga når ein har vanleg gjæringsbøtte.
Å ha flaskene liggande under karbonering er eit tips eg ikkje har lese før! Er det for å spre gjæren betre utover i ølet og gi ein raskare prosess?
Takk for svar! Men om det finst meir enn nok gjær til karboneringa, kva slags jobb gjer den ekstra gjæren Kjetil snakkar om? Korleis minsker den sjangsane for oksidering?
Eg skal snart brygge ein porter til bryllaup neste sommar, og vil gjerne unngå oksidering etter beste evne. :)
Eg vil spele litt vidare på dette temaet med å sitere (relativt nøyaktig) Kjetil Jikiun i siste episode av Vestkast:
«Jeg skjønner at mange synes det er fint å ha et klart øl, og at det er fint at det ikke legger seg sedimenter i bunnen av flasken. Men når man gjør det, så har man jo lagt til...
Skjønar. PBW i erlenmeyer var i alle fall svært deilig. Om eg bruker PBW kun til kolbe, kokekjele og kran så vil det bli cirka 20 kroner per brygg.
Blir betrakteleg billegare om oppvaskmiddelet gjer jobben på kar og ikkje minst flasker. Gler meg til å teste!
Tar oppvaskmaskinmiddelet knekken på ein skitten erlenmeyer? Skitten frå den krausen rekk ofte å setje seg ganske hardt under dekantering. Dei er kliss umoglege å vaske med kost, så kolben min vart skinnande rein etter ei fuktig natt med PBW.
Kanskje kolben til og med kunne tatt ein tur i maskina.
Interessant, Finn! Skal gå til innkjøp av Sun Extra Power som eg las er ganske likt i innhald som PBW. Opplever du at det er lett å skylje oppvaskmiddel av? F.eks prøvde eg Zalo ein gong, og det var betrakteleg enklare å skylje vekk PBW.
Ein tilsett på Bryggselv anbefalte å fylle opp...
Einig der. Kiloprisen på PBW er 273 kroner i motsetning til f.eks Sun Extra Power med sine leikne 40 kroner per kilo. Eg bruker PBW fordi det fungerer fjell, er enkelt, og kanskje mest fordi eg har eit lite BIAB-oppsett med eitt kar og eitt gjæringsskap, så treng nok ikkje i nærleiken av like...
Takk for svar! Det gjaldt lagring ja. :) Eg skal sjekke ut tipset ditt! Eg har ikkje tilgang på kjeller / kaldt rom, så tenkte eg skulle prøve å bli litt kreativ med hemsen.
Spørsmål om lagring av øl:
Eg har nyleg flytta til ein liten loftleiligheit kor eg skal lagre ølet oppe på hemsen i stova. Finst det smarte måtar for å klare å halde dette ølet kaldt på utan å bruke kjøleskap/fryser (lågt under taket)? Har tilgang på straum.
For øvrig åpen for å bli fortalt at...
John Palmer sa i Brew Strong-podkasten at pH-strips ikkje er veldig nøyaktig, så digitalt måleverktøy er å foretrekke i heimebrygging. Nokon meir konkret grunn hugsar eg ikkje. Får stort sett med meg kva som er lurt å gjere frå den podkasten, men ikkje alltid kvifor. Sjølv om dei forklarar godt...
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.