S-04 gjærar startar fort og gjærar voldsomt, men gjærar som regel fort ferdig. Delte vørteren i to ved siste brygging. Ein tilsatt S-04. Gjæra ferdig iløpet av 3 døgn. Den andre me S-05. Ploppar friskt i gjærlåsen etter 4 døgn. Temp 19 grader på begge to. Og 1065.
Det er nok den samme gassen, men du må vere sikker på at det er eit Co2 brannslukkningsapparat du har, så du ikkje stiller med eit pulverapparat.
Det går bra å setja brannslokningsapparatet opp ned om du ikkje har fått fjerna stigerøyret, men det er ikkje å anbefala. Det er kjedelig om apparatet...
Ja, veit ikkje om eg klarer å beskriva smaken av einer på ein god måte. Du må nesten ha prøvd å smake på einernåler eller einerbær. (krydder)
Smaken er ganske frisk og fin, men som sagt det går ann å overdriva her som med alt anna som kan tilsetjast øl. Me kjenner vel alle furunålssmaken frå...
Trur at Valdres Gardsbryggeri også har eit øl som er einer i. Meiner at det vert kalla"Brisk" som også er eit anna ord for einer. Har ikkje testa det sjølv.
Når det er snakk om bruk av einer i øl, så trur eg det er viktig å ikkje bruka for store kvistar. Meiner at "syra" sit i veden og borken...
Som sagt vil eg ikkje anbefala å la eineren koka i det heile. La heller einerkvistane "trekka" med under oppvarminga av vørteren, og ta dei ut før vørteren kokar. Du kan jo smaka på vørteren under vegs for å testa einersmaken. Smaken vil nok endra seg ein del under gjæringa, men det kan vera...
Hei - er ny på dette forumet, men eg har ein del "tradisjonsbrygg" med einer bak meg. Einer er framleis i bruk i enkelte bryggemiljø på Vestlandet. Eineren var kanskje mest brukt i øl på grunn av at gamle bryggera hadde ei meining om at ølet ville halda seg betre om ein brukte einerlog i mesken...
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.