Eg har kobla slik det står oppå boksen, to fasar inn bak på høgre sida, to fasar ut til kjøling venstre bak og varme til høgre for kjøleutgangane. Bokswn ser ut som han er laga for to fasar både inn og ut. Er ikkje det rett?
Nett kobla opp stcen i ein boks med apparatledning og jording til stikkontakten og alt på stell. Høyrer det klikkar i relea som dei skal, men får ikkje spenning ut på verken varme- eller kjøleutgangen likevel. Ledningane ser ut til å vera i orden. Har målt både på utgangane og koblingane. Ikkje...
Ein annan praktisk detalj er at vørteret kokar heftigare over di tjukkare vørteret er. Ei panna med tjukt ekstraktvørter er som ein treåring med adhd. Du kan ikkje sleppa ho med augene, og når du trur du har steinkontroll så skjer det likevel...
Eg har fått fem-seks punkt meir utgjæring når eg har lete meisken stå til dagen etter med god isolasjon, og kjem nok til å gjera det når det blir på tide med saison.
Eg føler meg ekstra smart når eg tappar øl på eit par plastflasker i tillegg til dei andre. Då kan eg kjenna på desse flaskene om det held på å bli bomber av glasflaskene. Trur eg, for eg har ikkje hatt nokon slike problem enno.
Tusen takk! No kuppar eg vel kanskje tråden litt her, men har du kanskje ei fiks ferdig oppskrift? Eg har ei kaka med S-04 som eg tenkte kunne få ta ein 1050ish porter i fjerde føring.
Eg pleier alltid å ha ei panna kokande vatn og ein truverdig gradestokk på lur i tillegg til kalkulatorar og vitenskap. Ofte trengst det litt justering.
Sa nett jatakk til å bli servert dette, ein må jo ofra seg litt for vitenskapen. Etiketten lovar "overflod av fylde og sødme". Fasit var tynt og trist og smaka skjemt. Han som serverte fortalde at forrige flaska han hadde smakt på var akkurat lik på smak. Har dei ein skjemd batch ute? Er det...
Det tek ei stund å kjøla ned eit brygg frå gjæringstemperatur til kuldegrader. Viss du går for kuldegrader må du rekna med at ølet skil seg og det blir isklumpar som tek tid å tina opp. Du kan sjølvsagt berre ausa ut isklumpane og leva med at ølet blir sterkare. Kjøleskapet mitt har sin eigen...
Har sett små kvite klumpar som låg oppå eit tradisjonsbrygg ein gong. Ølet smakte godt nok, så tvilar på at akkurat det var nokon heftig infeksjon. Erfarne smakarar kalla det farer og meinte det var berre ein kosmetisk defekt (noko som fer, har ikkje med risiko å gjera). Mitt tips er å ikkje...
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.